tysdag, oktober 03, 2006

....


No har eg endeleg funne ut kva eg skal bruke stoffet frå Fretex til...det vart eit bilete på ei papp-plate! Eg har berre brukt tape til å feste stoffet på baksida, så om eg ombestem meg så er det lett å ta det ned att... Eg synes det vart litt fint eg...

søndag, oktober 01, 2006

Hei igjen


Her om dagen var eg på Fretex, vart litt skuffa igrunnen for dei hadde nesten ingenting...men noko fant eg. Ein kjempesøt liten sitruspresse, og eit artig stoff som eg vil bruke til noko.... Det er eigentleg eit gamalt dynetrekk, men hjå meg blir det kanskje putetrekk?? Sitruspressa har nydelege fargar synes eg...så den skal få stå til pynt ein stad på kjøkenet.

laurdag, september 30, 2006

Må berre øve meg litt...


Ja, eg må berre øve meg litt...tok bilete av roser frå hagen som eg har teke inn. Tenk at det blomstrar så fint i september!

Noralill


Hei!

Dette er min fyrste blogg, eg har lenge hatt lyst til å lage ein, og no gjer eg det altså...(hjelp). Eg er ikkje sikker på korleis eg gjer dette, men eg håpar å lære litt medan eg driv på.

Eg veit vel ikkje heilt kva eg vil med denne bloggen, men synes det er så spennande å lese andre sine bloggar og spesielt sjå alle dei fine bileta som ligg på bloggane! Så no vil eg prøve å sjå kor flink eg blir etterkvart....kanskje...